↑ Tilbake til Tidligere arrangement

Markens Grøde 2011

 

TRE – FRÅ SKOGSDRIFT TIL MODERNE DESIGN.

 

 

15. juli                  JUBILEUMSSANGKVELD I SKULEMUSEET I LISSER, LESJASKOG   kl. 19.00.

Den tradisjonelle sangkvelden feirar 20-årsjubileum med sang, musikk, kaffe og blautkake.

Terje Mølmen Moen med musikkvener.

Inngang kr. 100.- Barn under 15 år gratis.

 

16. juli                  LESJASKOGDAGEN     KL. 10.00 – 15.00.

Kyrkjestugu er utgangspunkt for alle aktivitetane.

Omvising i kyrkja, kyrkjegarden, skulemuseet, minnesteinane og Sigurd Einbu-monumentet.

Inne i Kyrkjestugu blir det martnassalg, aktivitetar for barn, spørjekonkurransen ”Ka e ditta”.

Vevstugu i andre etasje er ope for alle.

Sal av morr, lefse og heimbrygga øl, kaffe og vaflar.

I området omkring Kyrkjestugu blir det Lesjaskogmesterskap i hesteskokasting, Lesja jeger- og fiskeforening presenterer aktivitetane sine, og store og små kan gå naturstigen.

Sjoa og Heidal Gammeltekniske Forening syner fram Bolinder sagmotor, Briggs & Stratton skiltmotor, Volvo Bamse lastebil, gamle småmotorar og gamle motorsager.

Lesjaskog Møbler AS har omvising i fabrikken sin. Der får du sjå moderne møbelproduksjon i moderne møbelfabrikk.

I Øyom, Sør-Einbu (ca 3 km vest for Kyrkjestugu), får alle som vil prøve seg på fotballgolf.

 

KL. 15.00                 KONSERT I LESJASKOG KYRKJE MED SANGDUOEN GUNHILD MØMB OG ELINE HOLSBREKKEN SKAR.

Inngang kr. 100.-. Barn under 15 år gratis.

 

17. juli                  ”SØRLEGE DELEN AV LESJAVERK SETT FRÅ NORDMANNSSETRA”.

Einar Morken syner fram og fortel.

Frammøte ved Lesjaverk stasjon kl. 12.00.

 

21. juli                  DUGNAD PÅ LORKVERNA.

Bygging av kolmile som blir tent kl. 14.00. Maling av bygg på kverna, og demonstrasjon av klesstampa. Sal av byggmjøl. Grillen og kaffekjelen er varm.

Inngang kr. 50.-. Barn under 15 år gratis.

 

22. juli                  JERNBLESTRING PÅ LORKVERNA.

KL. 11.00-14.30. Kolmila blir tømt kl. 15.00. Maling av bygg på kverna og sal av mjøl. Demonstrasjon av klesstampa. Tjærebrenning med enkel metode.

Grillen og kaffekjelen er varm.

Inngang kr. 50.-. Barn under 15 år gratis.

 

 

22. juli                  KONSERT I LESJA KULTURHUS.

Konsert med HENING KVITNES og GUTTA I BANDET

Dørene opnar kl. 19.00

Konserten startar kl. 19.30 med lokale musikere.

Pause med sal av forfriskingar. Øl og vin.

Billett  kr. 350.-.

Førehandssal av billettar: YX Bjorli, Coop Lesjaverk, Blomsterstugu Lesja, Laura Van Meter Dombås.

 

 

 

 

23. juli                  MARTNASDAG PÅ LESJA BYGDATUN.       KL. 10.00 – 17.00.

Dagen blir ei blanding av historie, kultur, gode matopplevingar, martna, konkurranser, dyr og folk.

Sal av morr, mjukbrød og heimbrygga øl, vaflar og kaffe.

Sal av  handverksprodukt og lokal mat.

 

Utstilling av gamle tekstilar frå Nord-Gudbrandsdal laga på 1600 og 1700-talet.

Utstilling i Ølstadlåven:

Vidars Møbelsnekkeri v/Vidar Amundstad.

Fotoutstillinga ”Tre – frå skogsdrift til moderne design” v/Dovrefjell fotoforum.

Kl. 12.00                  VM-mester i motorsag Ole Harald Løvenskiold Kveseth har motorsagshow ved utescena.

Inngang martnasdag kr. 50.-. Barn under 15 år gratis.

 

KL. 15.00                  HAGEVANDRING HOS INGRID ESPESETH PÅ LORA.

 

 

24. juli                  FAMILIEDAG PÅ TOFTAN SAG.                  KL. 11.00 – 16.00.

Markering av FN sitt internasjonale skogår.

Demonstrasjon av tømmerkøyring med hest og bruk av eldre skogbruksreiskap.

Eigaren av Toftan Sag, Ola Mosendsletten, fortel om saga og viser den i bruk.

Utstilling av gamal reiskap.

Skogen som energikjelde.

Turstig i skogen for barn og vaksne.

Lagkonkurranse med gamle sager.

Mat og kaffe.