↑ Tilbake til Tidligere arrangement

Markens Grøde 2012

FREDAG 13.juli:

Kl.15.00: Tur frå Grønfossen til Håmårfossen. Guide Hans Enstad.
Frammøte ved Lesjaskog kyrkje. Kaffepause ved Håmårfossen. Kr. 50,-.

Kl. 19.00: Sang- og musikkveld på skolemuseet i Lisser, Lesjaskog.
Terje Mølmen Moen med musikkvener.

LAURDAG 14. JULI:

Kl. 9.00: Fjelltur til Mølmsvatna i samarbeid med DNT Gudbrandsdalen og guide Wiggo Vasshaug Hansen. Frammøte ved Lesjaskog kyrkje. Min. 5 deltakere. Kr. 50,-.

Kl. 11.00-15.00: Lesjaskogdagen. Martna og aktivitetar for barn og vaksne ved Kyrkjestugu.

Kl.18.30: Country-konsert med søskena Brennen Leigh og Seth Hulbert frå USA, i fjøset på Nordpå-Enstad, Lesjaskog. Nyt musikken i fjøset, og utsikten med forfriskningar i teltet på gardsplassen før og etter konserten. Førehandssalg av bill. på YX Bjorli og Blomsterstugu, Lesja frå 15. juni.
Skilta frå E136.

SØNDAG 15.JULI:

Kl. 11.00-17.00: Familiedag i Sagelva vasskraftsenter. Samarbeid Markens Grøde – Brøste-Stueflotten kulturlag. Fløyting av ”tømmer”. Inngang kr. 50.-.

Kl. 19.30: Folkemusikkmesse i Lesjaverk kyrkje.
______________________________________________________________

FREDAG 20. JULI:

Kl 11.00: Jernblestring i Lorkverna. Kolmila blir tømt kl. 15.00. Grillen og kaffekjelen er varm. Inngang kr. 50.

Kl 18.00: Tur langs Lågen frå Botheimsbrua til Tråsådal. Guide Rolf Sørumgård. Tema: Uttappinga av Lesjavatnet og industri i Tråsådalen. Turen blir avslutta med kaffe i gapahuken ved Bergebrua. Frammøte ved Botheimsbrua. Kr. 50.-.

LAURDAG 21. JULI:

Kl. 11.00-17.00: Martnasdag på Lesja bygdatun. Sal av lokal mat, husflid, handverk og andre aktivitetar for barn og vaksne. Inngang kr. 50.-.

SØNDAG 22. JULI:

Kl. 9.00: Fjelltur frå Lordalen til Valåfossen/Lesjaverk i samarbeid med DNT Gudbrandsdalen. Guide Eldrid Riise. Frammøte ved Coop, Lora. Turen tek ca. 5 timar. Min. 5 deltakere. Kr. 50.-.

Kl. 11.00: Vassdag i Lorkverna.
Tema: ”Om vår Herre skaffar sol, skal vi sjølve skaffe væta”.
Frå vatnarveiter til vatningsvogn, lokale gardbrukarar fortel.
Frammøte Bjøkne, Lora. Skilta frå E136.

Kl. 11.00: Open hage hos Ingrid Espeseth på Lora. Skilta frå E136.
______________________________________________________________

Brennen Leigh og Seth Hulbert, søsken frå USA, har konsert i fjøset på Nordpå-Enstad 14. juli kl. 18.30.

Disse to stammar frå Enstad-slekta på Nordpå-Enstad. Knut Enstad utvandra til USA i 1869, 22 år gamal.

Nå kjem slektningane hans tilbake og har konsert i fjøset der Knut og foreldra mjølka kyr og stelte dyr.

Før konserten har ein norsk slektning,Nils Morten Enstad frå Tønsberg, ein kort introduksjon om korleis vi fekk kontakt med desse musikarane, og litt om Enstad-familien i Norge og USA.

Konserten startar med toradermusikk frå Lesja.