↑ Tilbake til Tidligere arrangement

Markens Grøde 2013

Markens Grøde Lesja 2013

Trykk på bildet eller her for å se program.

Markens Grøde koplar kultur, historie og landbruk saman med næringsutvikling og profesjonelle kunstnarar. Arrangementet vil løfte oss ut av kvardagen og setja fokus på verdiar som Lesja står for.

 

Torsdag 18. juli

Frå kl. 11.00. LORKVENNE Kolbrenning, stamping og maling av korn. Inngang kr. 50.-Arr. Lesja Historielag.

Kl. 19.30. LESJA KULTURHUS, PREMIERE på forestillinga, «Ordhittug døl – med glimt i auga og dikt på
tunga» – ei reise gjennom Lesjabygda i lag med diktaren Audun Høgbrenna og andre trivelege lesjingar. Ei familieforestilling (frå 10 år) bygd på Audun Høgbrenna sine dikt, songar og morosame historier.

Billettpris: Vaksne kr 250,- barn under 16 år kr 150,-
Førehandssal: Joker (Sentrum kjøp) eller e-post: etynnol@hotmail.com
Billettsal ved inngangen.
Regi: Kim Haugen. Arr. UL Verdandi

Fredag 19. juli

Frå kl. 11.00. LORKVENNE Jernblestring. Inngang kr. 50,-

Kl. 18.00. Kulturvandring og FYSAK-tur frå parkeringsplassen til stien som går på sørsida av Lora elv. (ikkje bomvegen). Kjentmann: Odd Reidar Hole.
Arr. Lesja Historielag

Kl. 19.00. LESJASKOG Sangkveld i Kyrkjestugu. Terje Mølmen Moen med musikkvener.
Inngang kr. 100,-. Inkluderer bevertning: Kaffe og biteti.
Arr. Lesjaskog bygdekvinnelag

Kl. 19.30. LESJA KULTURHUS Forestillingen «Ordhittug døl – med glimt i auga og dikt på tunga»
Arr. UL Verdandi

Laurdag 20. juli

KL.11.00. LESJASKOGDAG ved KYRKJESTUGU, Lesjaskog. Martna og aktivitetar for barn og vaksne. Sal av kaffe og biteti.
Arr: Kyrkjestugu /Grendeutvalet

KL.11.00. MARTNASDAG PÅ LESJA BYGDATUN. Bodar med sal av lokal mat, tradisjonsmat, handverksprodukt og brukskunst. Sal av kaffe, mat og drikke. Kalvemønstring og andre aktivitetar for barn og vaksne.
Inngang kr. 75,-. Barn og sesongkortholdare gratis.
Arr. Gudbrandsdalsmusea og Lesja Bondelag m.fleire.

Kl.19.30. LESJA KULTURHUS Forestillinga «Ordhittug døl – med glimt i auga og dikt på tunga»
Arr. UL Verdandi

Søndag 21. juli

Frå kl. 11.00 til 18.00. HAGEVANDRING LORA. Open hage hos Ingrid Espeseth på Lora

KL.16.00 . MARKDAG, I RÅNÅ, LESJASKOG. Frammøte på parkeringsplassen i Rånå kl.16.00. Skilta fra E-136. Erland Bakken tar oss med på ei vandring langs Asbjørnsåa.
Enkel bevertning. Deltakeravgift kr. 50.-
Arr. Lesja Historielag og Rånå vel.

Kl. 19.30. FOLKEMUSIKKMESSE LESJAVERK KYRKJE.
Ofring ved utgangen.
Arr. Lesja kyrkjelege råd.

Søndag 28 juli

Med Delius til topps! Turen til Liahovdan er helga etter
Markens Grøde og blir leda av Delius-ekspert Andrew J.
Boyle . Frammøte ved Lesjaskog kyrkje kl.13.00. Liahovdan
er FYSAK-turmål 2013.