↑ Tilbake til Tidligere arrangement

Markens Grøde 2014

Markens Grøde 2014

Trykk på biletet eller her for å sjå program.

Markens Grøde går i år frå torsdag 17 juli til og med søndag 20. juli. Årets tema er matauk. Matauk vart brukt for å auke matforrådet, det vil si sanking av bær, sopp og liknande, jakt og fiske. I programmet finn du nokre kjente arrangement som har vore med i fleire år og nokre nye arrangement. Målet for arrangementet er å syne fram dei mange tilboda som finst i kommunen både det som gjeld aktivitet og turmål, samt lokalproduserte produkt, kultur og engasjement.

Torsdag 17. juli

Lorkverna Kl. 10.00-16.00
Lesja historielag har Maling og stamping etter tradisjonelle metodar. Dei synar fram korleis ein bygde kolmile og startar opp med brenning av kol. Frå kl. 12 har Lesja bygdekvinnelag sal av kaffi og kringle

Lesja kl. 18.00
Folkeakademiet arrangerar urtevandring, ein kjentmann fortel om ulike urtar og nytevekstar i området. Vandringa held fram i ca. to timar. For meir informasjon om vandringa og kor den startar sjå markensgrodelesja.no

Fredag 18. juli

Lesja sjukeheim kl. 11.00 – 15.00
Lesja sjukeheim har marknadsdag i bakgarden på sjukeheimen. Her blir det boder med sal av ulike produkt og sal av kaffi og kake. Vi set opp telt og held fram uansett vær. Minikonsert med Guren Hagen klokka 12.00.

Lorkverna kl. 10.00 – 16.00
Lesja historielag har maling og stamping etter tradisjonelle metodar. Dei syner fram korleis ein blestrar jern av myrmalm i ei blestergrop. Frå klokka 12.00 har Lesja bygdekvinnelag sal av vassgraut og spekemat.

Lisser/kyrkjestugu på Lesjaskog kl. 19.00
Lesjaskog bygdekvinnelag arrangerer songkveld i kyrkjestugu med Terje Mølmen Moen og venner.

Laurdag 19. juli

Lesja bygdemuseum kl. 11.00- 16.00
MARKENS GRØDE LESJA

Tradisjonell Martnasdag på Lesja bygdemuseum med sal frå boder av lokale produkt og mat. Gudbrandsdalsmusea og Lesja bygdekvinnelag har aktivtetar for barn. Bondelaget arrangerer kalvemønstring og synar fram «truskarverk» på scena. Gjettekonkurranse og sal av mat og drikke.
Inngang vaksen 75,-, barn gratis

Verket ved Slådalsvegen kl. 18.00
Markvandring i regi av Lesja historielag. Lær meir om massefangst av rein i mellomalderen med kjentmann Tor Einbu og sjå restane etter massefangstanlegget Verket ved Slådalsvegen. Oppmøte ved bommen på Vidflotten.

Lesja bygdemuseum kl. 19.30
«Mat og kultur» ein kveld med god mat, underhaldning og lokal tilverka produkt. Du vil få tre rettar med mat tilverka av lokale råvarer og sal av lokal produsert drikke frå Lesja. Gudbrandsdalsmusea i samarbeid med lokale aktørar inviterer til ein kveld i godt selskap, med gode historier og mat på Lesja bygdemuseum.
Påmelding innan laurdag 12. juli: benedicte.f.furulund@gudbrandsdalsmusea.no
Billettutsalet ved Lesja bygdemuseum.

Søndag 20. juli

Markvandring Lesjaverk kl. 11.00
I regi av Lesja historielag blir det markvandring på Lesjaverk. Vi går frå Lesjaverk kyrkje om Karustjønn til Lesjaskogsvatnet, forbi Masmestervika til fiskeklekkeriet og jernverksområdet. Her vil Grendautvalget servere smaksprøver av fisk, grillane vil vera varme og det blir seld kaffe. Oppmøte ved Lesjaverk kyrkje. Kjentmann Einar Morken

Lesjaverk kyrkje kl. 19.30
Folkemusikkmesse i Lesjaverk kyrkje i regi av Lesja kyrkjelege råd. Bli med på ein unik gudsteneste med musikalske innslag. For meir informasjon og eventuelle endringar i programmet sjå www.markensgrodelesja.no